Jubileumsmarkering

19.-20. oktober er det 10-årsmarkering for Norsk langeleikforum på Valdres Folkemuseum/Fagernes. Programmet for jubileet er ikkje klart enno, men hald av datoane. Det blir festmiddag, kurs og føredrag – og mykje meir.

Program

Laurdag 19. oktober

10:00 Velkommen og bli kjent med nye

10:15 Kurs i langeleik for nybyrjarar, samspel for drevne spelkvinner og –menn

  • Kurshaldarar: Kari Steinsrud og Magnhild Karsrud
  • Leie samspel: Marit Steinsrud

13:00 Lunsj

14:00 Føredrag I ved Gøril Ramo Håve om langeleiken i Telemark

14:30 Føredrag II ved Tom Willy Rustad, om eldre folkemusikkinstrument i Gudbrandsdalen

17:00 Festmiddag på Valdres Folkemuseum

  • Forrett: Tynnskåre speka elgfilet med rotselleribitar i sky
  • Middag: Lammecarré, raudvinssaus, steikt aubergine, mandelpotet
  • Dessert: Kald rabarbrasuppe
  • Helsingstale/kåseri v/Elisabeth Kværne og musikalske innslag

19:30 Avreise Fagernes

20:00 Konsert med Sudan Dudan på Tingvang. Kostnaden er baka inn i påmeldingsavgifta

22:00 Avreise Tingvang

Sundag 20. oktober

10:00 Kursa held fram

13:00 Lunsj

14:00 Jubileumshelga slutt

Overnatting

Fagernes camping. Sjå www.fagernescamping.no eller ring Kaja på 61 36 05 10. Campingen held av leilegheit 1 til 4. Det er plass til inntil 4 personar i kvar av dei. Prisar for den enkelte blir ikring 600 kroner (for 2 netter) – alt etter kor mange som bur i hytta/leilegheita. Ta direkte kontakt med campingen om du er interessert. 

Scandic Valdres. Sjå www.scandichotels.no/hotell/norge/fagernes/scandic-valdres

Prisar jubileumshelg

800 kroner for medlemmer i Norsk Langeleikforum, 1000 kroner for andre. Prisen inkluderer kurs og samspel, lunsj laurdag og sundag, føredrag, middag og konsert med Sudan Dudan. 

Frist for påmelding: 1. oktober Påmelding til Brit Totland: brit.totland@gmail.com.

Påmelding er lik innbetaling til Norsk Langeleikforum sitt kontonummer: 1503.14.71807 – eller vipps til Norsk Langeleikforum (136475).

Følg med på Facebook-sida vår for meir informasjon.