Årsmøtehelg 15.-17.2.2019

Velkommen til årsmøte og langeleikkurs på Valdres Folkemuseum, Fagernes 

I samband med årsmøte i Norsk Langeleikforum, skipar vi til langeleikkurs med to av dei fremste utøvarane på instrumentet; Marit Steinsrud og Gunvor Hegge. Laurdag kveld blir det også konsert og uformelt samspel.

Velkommen!

Laurdag 16. februar

10:00 Kurs i langeleik

13:00 Lunsj

14:00 Kursa held fram

16:00 Årsmøte (sjå eige program)

19:30 Hyggeleg samkome på museet med konsert og samspel

Sundag 17. februar

10:00 Kursa held fram

13:00 Lunsj

14:00 Omvising i langeleikutstillinga på Valdres folkemuseum

Overnatting

  • Fagernes camping. Sjå www.fagernescamping.no eller ring Kaja på 61 36 05 10. Campingen held av leilegheit 1 til 4. Det er plass til inntil 4 personar i kvar av dei. Prisar for den enkelte blir ikring 600 kroner (for 2 netter) – alt etter kor mange som bur i hytta/leilegheita. Ta direkte kontakt med campingen om du er interessert. 
  • Scandic Valdres. Sjå www.scandichotels.no/hotell/norge/fagernes/scandic-valdres

Prisar

  • 600 kroner for medlemmer i Norsk Langeleikforum, 800 kroner for andre. Prisen inkluderer kurs, lunsj laurdag og sundag og kveldsarrangementet laurdag. 
  • Frist for påmelding: 1. februar. Påmelding til Brit Totland: brit.totland@gmail.com.
  • Påmelding er lik innbetaling til Norsk Langeleikforum sitt kontonummer: 1503.14.71807 – eller vipps til Norsk Langeleikforum (136475).