Jubileumsseminar!

I samband med 200-årsmarkeringane av Ludvig Mathias Lindeman og Berit på Pynte, båe fødde i 1812, inviterer Valdresmusea til jubileumsseminar:

 

Møte mellom folketonesamlaren Ludvig Mathias Lindeman og folkekunstnaren Berit på Pynte

Tid og stad: Valdres Folkemuseum / 13. og 14. september 2012

 

 

 

 

Seminaret er støtta av Lindemans Legat
Tonefangst:
Frå ulike faglege ståstadar ynskjer Valdresmusea å sjå nærare på møta mellom dei småe og dei store kulturtradisjonen i Noreg, på midten av 1800-talet. Impulsar på vandring og Berit på Pynte – Norges bedste harpespillerske er to av foredraga under seminaret.

Innleiarar er teaterhistorikar Anne Margrethe Helgesen, folkemusikkhistorikar Bjørn Aksdal, historikar Ingar Ranheim, leiar av Norsk institutt for bunad og folkedrakt Stian Roland ,utøvar Bente Hemsing, folkemusikkarkivar Elisabeth Kværne og seksjonsleiar ved Valdresmusea Ole Aastad Bråten.

Program:

Torsdag 14. september
Kl. 11.30: Registrering, kaffi.
Kl. 12.00: Velkomen og innleiing.
Kl. 12.20: Musikklivet i bygde-Noreg på 1800-talet, v/ Bjørn Aksdal.
Kl. 13.20: Dugurd.
Kl. 14.00:
Norges bedste harpespellerske. Verdensberømt. Berit på Pynte i
møte med den borgarlege kulturen talet, v/ Anne M. Helgesen.
Kl. 15.00:
Lindeman sin tonefangst i Valdres. Møte mellom samlaren og
kjeldene hass, v/ Elisabeth Kværne.
Kl. 15.30:
Ideologi og nasjonsbygging. Etableringa av ein kulturnasjon på 1800- talet, sett frå bygdene i Valdres, v Ingar Ranheim.
Kl. 16.00:
Folkedrakt og borgarleg klede. Kva fortel kledeskikken på 1800-
talet om sosiale tilhøve mellom ulike kulturar?, v/ Stian Roland.
Kl. 16.30: Spørsmål og diskusjon rundt emna (til 17.00).
Kl. 18.00: Middag i festsalen på Valdres Folkemuseum.
Kl. 19.30:
Skjønn Anna. Framsyning på Slidrehuset.
Kl. 20.30: Sosialt samvær.

Fredag 14. september
Kl. 09.00: Berit på Pynte og dansedokkene. Dansande dokkefantar i ein
internasjonal samanheng, v/ Anne M. Helgesen.
Kl. 10.00: Eit utøvarperspektiv på Ludvig Mathias Lindeman sine
nedteikningar, med utgangspunkt i songane etter Andris E. Vang,
v/ Bente Hemsing.
Kl. 10.30: På museumsområdet: lær deg smakebitar frå tongfangsten frå
Valdres (langeleik og song).
Kl. 13.00: Dugurd.
Kl. 14.00: Oppsummering ved Bjørn Aksdal og Ole Aastad Bråten.
Kl. 15.00: Avslutning.

 

 

 

 

Skjønn Anna
Konsertframsyninga Skjønn Anna, med Camilla Granlien, Marit Karlberg, Stein Villa og Morten Jostad blir synt på Slidrehuset på Valdes Folkemuseum tysdag 13. september kl. 19.30.

Langeleiken Erik Werenskiold kjøpte av Berit Pynten. Ringve Museum RMT 86/52. Registreringsfoto: © Ringve Museum.

Innleidde innleiarar:
Anne M. Helgesen er teaterhistorikar og har skrive doktorgradsavhandling om norsk figurteaterhistorie. Ho har i mange år vore tilknytt Universitetet i Oslo, og ho driv sitt eige teater, Katta i sekken.

Bjørn Aksdal er folkemusikar, seniorforskar og fagansvarleg for musikk ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans i Trondheim. Aksdal er oppteken av mangfaldet av små og store kulturelle ytringar, instrumenttradisjonane og arkivsituasjon i Noreg.

Innleiarar tilsett ved Valdresmusea:
Elisabeth Kværne er folkemusikkarkivar.
Ingar Ranheim er konservator.
Stian Roland er dagleg leiar for Norsk senter for bunad og folkedrakt.
Bente Hemsing er tidlegare folkemusikkarkivar og rektor ved Etnedal kulturskule.
Ole Aastad Bråten er seksjonsleiar for kulturhistorisk avdeling.

 


Påmelding:
Påmelding innan 1. september til Valdresmusea: tlf. 61 35 99 00 eller til elisabeth.kvaerne@valdres.museum.no

Pris:
Pris, inkludert framsyninga Skjønn Anna, middag og lunch to dagar, kroner 1100,-.

Overnatting tingar du sjølv:
Quality Hotel & Resort Fagernes, tlf. 61 35 80 00.
Fagernes Camping, tlf. 61 36 05 10.

 

Valdres Folkemuseum 2011. Fotograf: Fredrik Calmeyer