Lære meir langeleikspel? Stad: Bø Museum, Telemark – 12.-14. oktober 2018

Norsk langeleikforum inviterer til langeleiktreff og kurs i Bø i Telemark.
— Langeleiktradisjonen har småe, men aktive miljø i heile landet. Denne gongen ynskjer vi å formidle meir om langeleiktradisjonen i Telemark, seier Lise Karin Meling, som er leiar i Norsk langeleikforum.

Helga 12. til 14. oktober blir det langeleikkurs på Bø Museum i Telemark. Arrangementet blir til i samarbeid mellom Norsk langeleikforum, Kjell Bitustøyl, Gøril Ramo Håve og Kari Lønnestad.

Folkemusikken står sterkt i Telemark, og tidlegare gjorde også langeleiken det. Kari Lønnestad skriv at det i bygdebøker og andre kjelder er det omtalt omlag 70 telemarkingar som skal ha spela langeleik. Interessa for langeleiken var stor fram til midten av 1800-talet. Sidan forsvinn han så å seia ut av bruk, med nokre unnatak i Landsmarka og Hollaheia mellom Lunde og Prestfoss.
Noko låttemateriale er også nedskrive, og funne vegen tilbake på leiken, ikkje minst takka vere Kari Lønnestad og Gøril Ramo Håve. Dei har arbeidd mest med langeleikmaterialet i nyare tid, og dei vil også vere sentrale under langeleikhelga i oktober, i tillegg til Kjell Bitustøyl, som òg har engasjert seg mykje for langeleiken.

Praktisk informasjon 
Tid og stad: Bø museum, Bø i Telemark, 12.—14. oktober
Pris: 600 kroner for medlemmer i Norsk langeleikforum, 800 kroner for andre.

Priseninkluderer kveldsmat fredag, og lunsj laurdag og sundag.

Overnatting ordnar du sjølv. Her er nokre forslag:

Programmet for helga ser slik ut:
Fredag 12. oktober: Kl. 18.00-21.00 Hyggeleg samkome m/varm kveldsmat
Laurdag 13. oktober:
Kl. 10.00-17.00 Kurs og føredrag heile dagen. Vi lærer langeleikslåtter og høyrer om langeleiktradisjonen frå Telemark, langeleik som akkompagnementsinstrument til song og vi tar eit besøk på folkemusikkarkivet og høyrer på opptak.

Kl. 18.00 Middag i Bø (dette ordnar vi under seminaret)

Sundag 14. oktober:
Kl. 10.00 Oppmøte m/kaffi og noko å bite i. Kurset held fram til klokka 14.00

Påmelding til Guri Svindahl, guri.s@online.no, innan 1. oktober.

Påmelding er lik innbetaling til Norsk langeleikforum sitt kontonummer: 1503.14.71807 –
eller vipps til Norsk langeleikforum (136475). Merk betalingen med navn.

Beste helsing
Norsk langeleikforum

Melde deg inn i Norsk langeleikforum?