Laster Hendelser

« All Hendelser

Årsmøtehelg

februar 15 @ 18:00 - februar 17 @ 16:00

Årsmøte og langeleikkurs 16.-17. februar 2019

I samband med årsmøte i Norsk Langeleikforum, skipar vi til langeleikkurs med to av dei fremste utøvarane på instrumentet; Marit Steinsrud og Gunvor Hegge. Laurdag kveld blir det også konsert og uformelt samspel.

Velkommen!

Laurdag 16. februar

10:00 Kurs i langeleik
13:00 Lunsj
14:00 Kursa held fram
16:00 Årsmøte (sjå eige program)
19:30 Hyggeleg samkome på museet med konsert og samspel


Sundag 17. februar
10:00 Kursa held fram
13:00 Lunsj
14:00 Omvising i langeleikutstillinga på Valdres folkemuseum

 

Overnatting

  • Fagernes camping. Sjå fagernescamping.no eller ring Kaja på 61 36 05 10. Campingen held av leilegheit 1 til 4. Det er plass til inntil 4 personar i kvar av dei. Prisar for den enkelte blir ikring 600 kroner (for 2 netter) – alt etter kor mange som bur i hytta/leilegheita. Ta direkte kontakt med campingen om du er interessert.
  • Scandic Valdres. Sjå scandichotels.no/hotell/norge/fagernes/scandic-valdres

 

Prisar

  • 600 kroner for medlemmer i Norsk Langeleikforum, 800 kroner for andre. Prisen inkluderer kurs, lunsj laurdag og sundag og kveldsarrangementet laurdag.
  • Frist for påmelding: 1. februar. Påmelding til Brit Totland: brit.totland@gmail.com
  • Påmelding er lik innbetaling til Norsk Langeleikforum sitt kontonummer: 1503.14.71807 – eller vipps til Norsk Langeleikforum (136475).

Detaljer

Start:
februar 15 @ 18:00
Slutt:
februar 17 @ 16:00

Sted

Valdres folkemuseum
Tyinvegen 27
Fagernes,
+ Google Map